|
 |
|  |
Aktuelt:
Ystekurs på Avdem Gardsysteri
Det vart halde nettverksamling for gardsysterier på Avdem den 5. juni. Med på samlinga var dei kjende osteekspertane Pascale Baudonell og Jean Francois Chamba.

Avdem Gardsysteri deltek i nettverket "Liten og vidsynt- videregående" i regi av Matforsk og Innovasjon Norge (2007-09). Her er målgruppa gardsysteri og mindre Tine- meieri, der målet er å vidareutvikle seg; styrke konkurransekraft og koma vidare i vekst- og konsolideringsfasen.
|
Sølv til Fjelldronning og Avdemkjuke på landsutstillinga for gardsost. Avdem gardsysteri deltok på landsutstillinga for gardsost i Aurland 5.-7. oktober.

Det vart sølv til Fjelldronning og Avdemkjuke på landsutstillinga. For primen vart det bronse. Det var nære på at Fjelldronninga gjekk heilt til topps i denne konkurransen. Vi er godt nøgde med utstillinga. Om to år er det ny utstilling og nye sjansar.
|
Besøk Avdem gardsysteri.

Gardsysteriet tek i mot grupper på omvisning og enkel servering. Det blir servert smaksprøver og det er mogleg å gjere ein hyggeleg handel i ysteributikken! Ta kontakt med ysteriet for å gjere ei avtale.
Her er nokre bilete frå då Ringebu helselag var på besøk.
 Servering av rømmegraut frå Avdem gardsysteri.

|
 |
| |
|
|