Det vart halde nettverksamling for gardsysterier på Avdem den 5. juni.
Med på samlinga var dei kjende osteekspertane Pascale Baudonell og Jean Francois Chamba.
Avdem Gardsysteri deltek i nettverket "Liten og vidsynt- videregående" i regi av Matforsk og Innovasjon Norge (2007-09). Her er målgruppa gardsysteri og mindre Tine- meieri, der målet er å vidareutvikle seg; styrke konkurransekraft og koma vidare i vekst- og konsolideringsfasen.
Sølv til Fjelldronning og Avdemkjuke på landsutstillinga for gardsost. Avdem gardsysteri deltok på landsutstillinga for gardsost i Aurland 5.-7. oktober.
Det vart sølv til Fjelldronning og Avdemkjuke på landsutstillinga. For primen vart det bronse. Det var nære på at Fjelldronninga gjekk heilt til topps i denne konkurransen. Vi er godt nøgde med utstillinga. Om to år er det ny utstilling og nye sjansar.
Besøk Avdem gardsysteri.
Gardsysteriet tek i mot grupper på omvisning og enkel servering. Det blir servert smaksprøver og det er mogleg å gjere ein hyggeleg handel i ysteributikken! Ta kontakt med ysteriet for å gjere ei avtale.
Her er nokre bilete frå då Ringebu helselag var på besøk.
Servering av rømmegraut frå Avdem gardsysteri.